Klarspråk i fylkeskommunen

Møre og Romsdal fylkeskommune har jobba systematisk med klarspråk sidan 2016. Dei har mellom anna laga sin eigen språkprofil som skal sikre at tekstane deira er lesarvennlege, og at økonomiplanar, årsrapportar og andre dokument har ei felles språkform. Kurs og opplæring er òg ein viktig del av klarspråkssatsinga, og vi blei glade då dei spurde oss om hjelp til å følgje opp klarspråksarbeidet.

Spesialopplegg på nynorsk

På vårparten 2017 bestilte dei klarspråkkurs frå Totaltekst – på nynorsk. Det er nemleg nynorsk som er administrasjonsspråket i Møre og Romsdal fylkeskommune. Klarspråksprinsippa er dei same uavhengig av språk og målform, men vi har likevel eit kursopplegg som er spesielt tilpassa nynorskbrukarar.

Det var derfor med stor iver at vi i september kursa rundt femti leiarar, mellomleiarar og rådgivarar på fylkeshuset i Molde.

Først lære gjennom eksempel

På kurset fekk dei først ei innføring i generelle klarspråksprinsipp. Vi viste eksempel på feller mange går i, og gav deltakarane tips til å unngå desse fellene. Heile vegen utfordra vi dei til å vere med og tenkje ut løysingar på dei språklege problema vi tok opp, noko som vekte engasjement og diskusjon blant deltakarane. Det mangla verken på forslag eller spørsmål frå salen, og å bli kjent med teorien gjennom eksempel var tydelegvis noko denne gjengen likte godt. Det vitnar òg tilbakemeldingane etter kurset om.

Deretter prøve sjølv

Deretter var det tid for å prøve ut lærdommen i praksis. Deltakarane gjekk saman i grupper og jobba seg gjennom utvalde tekstar som dei hadde sendt oss på førehand. Oppgåva var å gjere tekstane meir lesarvennlege ved hjelp av klarspråkstipsa dei hadde fått tidlegare på dagen. Ikkje berre enkelt, syntest nok somme, men dei fleste heiv seg over arbeidet med liv og lyst og kom med imponerande mange forslag til gode løysingar.

Til slutt gjekk vi gjennom forslaga frå gruppene i fellesskap og diskuterte oss fram til endelege løysingar. Det vi ikkje rakk å bli ferdige med der og då, gjorde vi i Totaltekst ferdige seinare, slik at deltakarane fekk eit heilt konkret resultat frå kurset: nye tekstar med eit klarare språk.

Gode tilbakemeldingar

Tilbakemeldingane frå deltakarane etter kurset tyder på at dei sat att med meir enn eit lite knippe nye tekstar. Her er noko av det dei trekte fram som positivt med kurset i den interne evalueringa til Møre og Romsdal fylkeskommune:
«Det var matnyttig, interessant og aldri kjedelig. Passe mengde forelesning og egenarbeid. Etter egenarbeidet i par rakk vi å jobbe oss gjennom oppgavene i plenum, det var god disponering av tid, og det var lærerikt.»
«God presentasjon som grunnlag for arbeid med tekst i etterkant.»
«Veldig relevante emner som ble tatt opp.»
«Enkle og nyttige knagger jeg kan ta med meg videre.»
Møre og Romsdal fylkeskommune har alt bestilt nye klarspråkkurs, og vi gler oss til å komme til Ålesund på nyåret!

Meir frå evalueringa:

«Vi er svært fornøgd med å bruke Totaltekst. Kurshaldar Hilde Strømsnes klarte å forklare klarspråkprinsippa på ein god måte, og ho skapte engasjement blant deltakarane. Vi trur at kurset har ført til at vi har vorte meir bevisste når vi skriv tekstar på vegner av fylkeskommunen.»
Ingvild Dverseth Sæter, kommunikasjonsrådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Tjenester levert

Tilbakemeldinger fra evalueringen av kurset i klarspråk
Tilbakemeldinger fra evalueringen av kurset i klarspråk
Tilbakemeldinger fra evalueringen av kurset i klarspråk

Vil du ha blogginnlegg, språktips og nyheter fra oss? Meld deg på nyhetsbrevet!

Et komplett tekstbyrå

Kontakt


Tlf. 21 39 69 30
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Sosiale medier