Kurs i nynorsk for lærarar

Bli ein kløppar i nynorsk med Totaltekst

Føler du deg litt på djupt vatn når du underviser elevane dine i nynorsk? Og kva skjedde eigentleg med rettskrivinga i 2012?

Det er inga hemmelegheit at mange norsklærarar i dag kvir seg for nynorskopplæringa. Det er ikkje så rart dersom dei ikkje har fått brukt nynorsken så mykje som dei kanskje burde, og halde kunnskapen ved like. Men ikkje fortvil! Nynorsk er ikkje så vanskeleg som mange vil ha det til – det vil du oppdage på kurset vårt. Og etterpå står du på mykje tryggare grunn i klasserommet.

Dei dyktige kursleiarane våre, Vegard Storsul Opdahl og Hilde Strømsnes (les meir om dei lenger nede på denne sida), gir deg ei god innføring i bøying og formverk og sentrale grunnreglar og prinsipp for god nynorsk. I tillegg får du lære nynorsk av nokon som jobbar med det dagleg og synest det er kjempekjekt.

Kurset kan bestillast av skular og eignar seg for alle norsklærarar som vil bli støare i nynorsk og gjere nynorsktimane meir lærerike og ikkje minst gøyare.

Innhald

Kurset består av ei blanding av teori og praktiske oppgåver. Målet er å gi deg konkrete verktøy og kunnskapar du kan ta med deg i skulekvardagen. Kurset tek cirka fire timar, men kan tilpassast etter behov.

Her er noko av det vi går gjennom:

Grammatikk

Kan det vere lystprega å pugge nynorsk grammatikk? Sjølvsagt! Vi nøyer oss ikkje med å forklare kva reglane er, men ser også på kvifor dei er som dei er. Samanhengar og system openberrar seg og gir deg ei meistringskjensle du vil gi vidare til elevane.

Ordtilfang

Kva ord bruker vi på nynorsk, og kva skal eg svare når elevane spør kva dei bør velje? Ordtilfanget følgjer både fastsette reglar og smak og behag – vi lærer deg begge delar! Vi gir deg råd og rettleiing i kva konsekvente val både lærarar og elevar bør tenkje på når dei skriv nynorsk.

Munnleg stil

Nynorsk er eit skriftspråk, men på god nynorsk skriv vi litt meir munnleg enn vi gjer på bokmål. Om du går vegen om bokmålet, sit du fort att med kunstige omskrivingar og tungrodde setningar som verken er fugl eller fisk. Vi lærer deg å tenkje nynorsk når du formulerer deg på nynorsk.

Tips og hjelpemiddel

Det finst mange gode hjelpemiddel og ressursar som er gratis tilgjengelege på nettet. Vi viser deg kvar du finn dei, og korleis du bruker dei.

Kursleiarar

Vegard Storsul Opdahl – kløppar i nynorsk

Vegard har jobba som korrekturlesar og omsetjar sidan 2012, og han har halde nynorskkurs for både lærarstudentar og vidaregåandeelevar i regi av lokallag i Norsk Målungdom og studentmållag rundt om i landet. Som lingvist har han ei nerdete og vitskapleg tilnærming til språkarbeid, og han greidde Språkrådets kompetanseprøver i bokmål og nynorsk allereie før han var ferdig utdanna. Som 14-åring på Holmlia i Oslo forelska Vegard seg i nynorsken og har aldri sett seg tilbake.

Hilde Strømsnes – kløppar i nynorsk

Hilde Strømsnes er blant landets fremste spesialistar i klarspråk og ei av få som har greidd Språkrådets kompetanseprøve i både bokmål og nynorsk. Språkrådet anbefaler henne derfor utan atterhald. Hilde har også nynorsk som hovudmål og har erfaring med å halde kurs for både offentlege og private verksemder. Tidlegare kursdeltakarar fortel at ho er pedagogisk, tolmodig og tydeleg.

Kontakt oss

Vil du vite meir?

Send oss ein førespurnad, så tek vi kontakt med deg snarast (som regel innan ein time).

Spørsmål?

Ring oss på 21 39 69 30
eller send ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Vil du ha blogginnlegg, språktips og nyheter fra oss? Meld deg på nyhetsbrevet!

Et komplett tekstbyrå

Kontakt


Tlf. 21 39 69 30
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Sosiale medier