Kurs i nynorsk for offentleg tilsette

Bli ein kløppar i nynorsk med Totaltekst

Føler du deg litt på djupt vatn når du skriv nynorsk? Og kva skjedde eigentleg med rettskrivinga i 2012?

«Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune» heiter det i mållova § 1. Offentleg tilsette må altså kunne kommunisere med brukarane på begge målformene. Men det er inga hemmelegheit at mange bokmålsbrukarar kvir seg for å skrive nynorsk. Skuldrene går automatisk opp eit hakk, og ar-endingane sit gjerne litt for laust.

Kjenner du deg att? Ikkje fortvil! Nynorsk er ikkje så vanskeleg som du gjerne trur – det vil du oppdage på kurset vårt. Og etter kurset er du mykje betre rusta neste gong du skal svare på eit skriv på nynorsk.

Dei dyktige kursleiarane våre, Vegard Storsul Opdahl og Hilde Strømsnes (les meir om dei lenger nede på denne sida), losar deg trygt forbi fallgruver og snublesteinar, og etter kurset vil du ha nyttige verktøy som hjelper deg i skrivearbeidet.

Kurset kan bestillast av offentlege verksemder og eignar seg for offentleg tilsette som treng å friske opp nynorskkunnskapane sine.

Innhald

Kurset består av ei blanding av teori og praktiske oppgåver. Målet er å gi deg konkrete verktøy og kunnskapar du kan ta med deg i arbeidskvardagen din. Kurset tek cirka fire timar, men kan tilpassast etter behov.

Her er noko av det vi går gjennom:

Grammatikk

Kan det vere lystprega å lære seg nynorsk grammatikk? Sjølvsagt! Vi nøyer oss ikkje med å forklare kva reglane er, men ser også på kvifor dei er som dei er. Samanhengar og system openberrar seg og gir deg ei meistringskjensle du vil nyte godt av i skrivearbeidet ditt.

Ordtilfang

Kva ord bruker vi på nynorsk, og kva bør vi velje når det er fleire alternativ? Ordtilfanget følgjer både fastsette reglar og smak og behag – vi viser deg begge delar! Vi gir deg råd og rettleiing i kva konsekvente val du bør tenkje på når du skriv nynorsk.

Setningsbygning

Litt forenkla kan vi seie at nynorsk byråkratprosa gjerne går litt meir rett på sak enn tilsvarande bokmålstekstar gjer. Setningane er kortare og setningsstrukturen enklare, med mindre underordning og færre innskot enn i bokmål. I tillegg er det naturleg å velje ein aktiv framfor ein passiv stil og ein verbal uttrykksmåte framfor ein substantivisk. Med gode og tydelege eksempel viser vi deg korleis du unngår «substantivsjuka» og blir ein aktiv nynorskbrukar.

Munnleg stil

Nynorsk er eit skriftspråk, men på god nynorsk skriv vi litt meir munnleg enn vi gjer på bokmål. Vi lærer deg å tenkje nynorsk når du skriv på nynorsk, og viser deg at det går heilt fint å ta i bruk ord og uttrykksmåtar frå god, utilgjord daglegtale i byråkratiske tekstar.

Tips og hjelpemiddel

Det finst mange gode hjelpemiddel som er gratis tilgjengelege på nettet. Vi viser deg kvar du finn dei, og korleis du bruker dei.

PS!
Visste du at bokmål har lånt inn mange administrative ord frå nynorsk? Dei har etter kvart blitt så innarbeidde at vi ikkje tenkjer over det, men attføring, sysselsetting, kostnad, søknad – og mange fleire – kjem frå nynorsk.

Kursleiarar

Vegard Storsul Opdahl – kløppar i nynorsk

Vegard har jobba som korrekturlesar og omsetjar sidan 2012, og han har halde nynorskkurs for både lærarstudentar og vidaregåandeelevar i regi av lokallag i Norsk Målungdom og studentmållag rundt om i landet. Som lingvist har han ei nerdete og vitskapleg tilnærming til språkarbeid, og han greidde Språkrådets kompetanseprøver i bokmål og nynorsk allereie før han var ferdig utdanna. Som 14-åring på Holmlia i Oslo forelska Vegard seg i nynorsken og har aldri sett seg tilbake.

Hilde Strømsnes – kløppar i nynorsk

Hilde Strømsnes er blant landets fremste spesialistar i klarspråk og ei av få som har greidd Språkrådets kompetanseprøve i både bokmål og nynorsk. Språkrådet anbefaler henne derfor utan atterhald. Hilde har også nynorsk som hovudmål og har erfaring med å halde kurs for både offentlege og private verksemder. Tidlegare kursdeltakarar fortel at ho er pedagogisk, tolmodig og tydeleg.

Kontakt oss

Vil du vite meir?

Send oss ein førespurnad, så tek vi kontakt med deg snarast (som regel innan ein time).

Spørsmål?

Ring oss på 21 39 69 30
eller send ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Vil du ha blogginnlegg, språktips og nyheter fra oss? Meld deg på nyhetsbrevet!

Et komplett tekstbyrå

Kontakt


Tlf. 21 39 69 30
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Sosiale medier